Anne Husebekk () var ein norsk lege og professor i immunologi ved UiT – Noregs arktiske universitet (UiT), der ho var rektor i perioden 2013–2021. Ho var medlem av DNVA, visepresident i International Science Council og nest-leiar i styret for University of the Arctic (Uarctic).
Utdanning og forsking Anne Husebekk vart uteksaminert lege frå Universitetet i Tromsø i 1982, og tok medisinsk doktorgrad i 1989.Anne Husebekk Pathogenetic relationship between precursor SAA and fibril protein AA in secondary amyloidosis doktorgrad Universitetet i Tromsø, 1989 Ho vart spesialist på immunologi og transfusjonsmedisin i 1991. I 2002 fekk ho stilling som professor i immunologi ved same institusjon. Husebekk forska særleg på transfusjonsmedisin og alloimmun trombocytopeni (blodplatemangel) hjå foster og nyfødde.UNN Bioteknologi og forskning i helseforetakene
Karriere Anne Husebekk var tilsett ved Institutt for medisinsk biologi ved Universitetet i Tromsø. Frå 2006 til 2011 var ho fag- og forskningssjef ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg.
I 2013 vart ho vald til rektor ved Universitetet i Tromsø saman med prorektorane Kenneth Ruud (forskning/utvikling) og Wenche Jakobsen (utdanning).Uniforum Universitetet i Tromsø har fått sin andre kvinnelige rektor 27.02. 2013 Husebekk vart attvald for ein andre 4-årsperiode som rektor ved UiT - Noregs arktiske universitet i 2017. Ho var òg styreleiar ved UiT i rektorperioden.
Som rektor ved UiT fekk ho styrka universitetet sin arktiske profil. Som ein del av dette skifta universitetet namn til UiT – Noregs arktiske universitet i 2013. Ho var aktiv på etablere internasjonalt samarbeid med institusjonar utanfor Europa, spesielt i Asia og var ein pioner i samarbeidet med Singapore. Under hennar leiing vart fleire høgskolar fusjonert inn i universitetet og UiT fekk med det eit større ansvar for heile landsdelen. I denne perioden ekspanderte universitetet gjennom ny bygningsmasse, større studenttal og nye studieprogram.
I 2015 vart ho leiar for Framsenteret. I perioden 2023-2025 fungerte ho som leiar av Senter for hav og Arktis ved UiT - Noregs arktiske universitet.
Nasjonale og internasjonale verv I tillegg til å vere aktiv i norsk utdannings- og universitetspolitikk hadde Anne Husebekk viktige nasjonale og internasjonale verv. Ho var visepresident i den internasjonale foreininga for transfusjonsmedisin (ISBT), hadde fleire verv i Noregs forskingsråd og tatt del i offentlege utreiingar for Biobanklova og Helseforskingslova. Ho var nestleiar i styret for Forsvarets høgskole, styremedlem i styret for Forsvarets forskningsinstitutt. Som representant for DNVA var ho nestleiar i styret for Senter for Grunnforskning (CAS). Husebekk var styremedlem i helseforetaket Helse Nord og styreleiar i Tromsø Forskningsstiftelse. Husebekk var nestleiar i styret i University of the Arctic (Uarctic) og visepresident i International Science Council (ISC), der ho var leiar av «Committee of Freedom and Responsibility in Science».
Kjelder
«Husebekk, Anne» . Ansatte ved Universitetsledelsen, uit.no. Vitja 21. november 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Rektorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Professorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Norske medisinprofessorar