Vidar Sandbeck () var ein norsk visesongar, visediktar og forfattar frå Åsta i Åmot kommune.
Biografi Sandbeck voks opp i tronge kår og levde eit omskifteleg liv før han etablerte seg med tekst og tonar som profesjon.
Han debuterte i 1954 med visesamlinga I døragløtten, og fekk gjennombrotet sitt som visesongar med Pengegaloppen i 1959. Etter knallsuksessen med den gjerrige gubben som «sat i kveldinga» og talde pengar, vart Sandbeck fast tilsett i Otto Nielsen sitt vekefaste radioprogram Søndagsposten. I Barnetimen for dei minste nådde han gjennom 20 år ein popularitet som kunne måle seg med Alf Prøysen og Anne-Cath. Vestly. Dei fleste av radioforteljingane hans er gjevne ut i bokform.
Litterært nådde han høgda i åra rundt 1980, med to seriar sorgmuntre barndomserindringar; åtte band barnebøker og seks band med romanar for vaksne.
Utmerkingar
Språklig samlings litteraturpris 1980 Spellemannprisen 1992 for viseplata Legende, samt heidersprisen for eit livslangt bidrag til norsk visekunst Gammleng-prisen 1994 I 2003 vart han tildelt Kongens fortenestmedalje i gull Alf Prøysens Ærespris i 2003.
Diskografi Album 1965: Vidar Synger Sandbeck 1973: Fra viseskuffen 1975: Kan Du Låne Bort en Femmer? 1981: Påsans viser 1992: Legende 2003: Jordbærstrå (samlealbum) 2003: En fergemanns vise (samlealbum) 2003: Gull og grønne skoger (tolka av andre artistar)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vidar Sandbeck» frå , den 14. november 2005.
diskografi.no Hamar Dagblad
Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Åmot Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Vinnarar av Alf Prøysens Ærespris