Hobøl kyrkje er ei romansk langkyrkje frå andre halvdel av 1100-talet som står i Indre Østfold kommune i Østfold. Byggverket er i stein og har 250 sitjeplassar.Rasmussen (1993), s. 673

Skipet er rektangulært og kort. Mot vest er våpenhuset og mot aust koret, som har påbygd apsis. Kyrkja har ein åttekanta takryttar som ender i ein høg og smal hjelm. Takryttaren er frå 1720-talet.Norges kirker

Hobøl kirke vart kjøpt av prost Lars Rasch i 1723 og hadde fleire forskjellige eigarar inntil ho vart overteke av kommunen midt på 1800-talet.

På kyrkjetunet står Kyrkjestallen, som er innreidd til forsamlingshus. Kyrkja feira 800-årsjubileum 28. mai 1995.

Det indre av kyrkja mini|venstre|Kyrkja innvendig sett mot koret. I forgrunnen lysekrone, til venstre galleriet, til høgre preikestolen. På den andre sida ser vi kristusfiguren som er plassert attmed døypefonten. Heilt inst er altartavla. mini|venstre|Mot orgelet og galleriet. På veggane heng presteportrett. Kyrkja har galleri langs nord- og vestveggen, og orgelet er plassert i den sørlege delen av vestgalleriet. Inventaret er rikt og frå ulike tidsepokar. Berre døypefonten er bevart frå mellomalderen. Altartavla Dei eldste delane av altartavla er frå ca. 1600. Biletet av nattverda var dekt av overmåling i ei årrekkje, og vart avdekt og restaurert av Ulrik Hendriksen i 1938. Den lange teksten er underteikna med BERNHARDUS og aller nedst ANNO 1630. Altartavla vart måla på nytt i 1703.

Preikestolen Preikestolen var ei gåve til kyrkja frå Adrian Busch i 1602 og vart laga av Nicolaus Petri Ripen. Han har fem fag. Av desse har fire målerier av evangelistane. Desse er frå same tid som oppmålinga av altartavla i 1703 og er utført av same Contrafeyer.

Preikestolhimlinga Preikestolhimlinga er åttekanta og dekorert med akantus. På midstokken er speilmonogrammet til Kristian VI med englar omkring.

Døypefonten Døypefonten er av romansk type. Sjølve kummen er av granitt og foten av kleberstein. Kummen er laga til ein annan fot enn han står på. Delane passar ikkje saman, og partiet mellom kummen og foten er difor fylt med småstein.

Døypefonthimlinga Over døypefonten heng ein himling i raudt, grønt og gull med akantusbøylar. Himlinga har ei innskrift der det står: «Gud og Kirken helliget Anno 1739».

Kristusfiguren Kristusfiguren er ein kopi av Bertel Thorvaldsen sin figur «Kristus», som står i Vor Frue kirke i København. Skulpturen var ei gåve til kyrkja i 1871.

Kyrkjegard og prestegard Det er kyrkjegard ved kyrkja, og like nordvest for kyrkja er prestegarden.

Kjelder

Sigrid og Håkon Christie: Hobøl kirke i «Norges kirker»

Denne artikkelen bygger på «Hobøl kirke» frå , den 15. september 2013.

Bakgrunnsstoff

Kyrkjesøk – Hobøl kirke Hobøl historielag om kyrkjene i kommunen

Kategori:Kyrkjer i Indre Østfold Kategori:Kulturminne i Indre Østfold Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Kyrkjer i Vestre Borgesyssel prosti Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Østfold