Morten Wold () er ein norsk journalist og politikar for Frp som representerer Buskerud på Stortinget. Han har vore stortingsrepresentant sidan 2013 og var frå 2025 til 2026 fyrste visepresident på Stortinget.
Karriere Journalist Morten Wold er journalist av yrke og har jobba i både Bygdeposten på Vikersund, Fremtiden og Se og Hør. Frå 1997 til 2008 var han tilsett i Drammens Tidende. Han starta sin politiske karriere i Høgre, og representerte partiet i Modum kommunestyre frå 1987 til 1991.Journalisten, 19.06.08: Se - en Frp-journalist. Vitja 28.10.13 I 2008 fekk han permisjon frå Drammens Tidende for å jobba som informasjonsrådgjevar i Frps stortingsgruppe. Her har han vorte kjend som mediemannen til Frp-leiar Siv Jensen. Hausten 2011 vart han leiar av Modum Frp.Drammens Tidende, 08.12.12: Wold på vei mot Stortinget. Vitja 28.10.13
Politisk virke I perioden mellom 2013 og 2017 var Wold stortingsrepresentant for Buskerud, og medlem av helse- og omsorgskomitéen. Han var mellom anna talsmann for sjukehus, primærhelsetenesta, psykiatri og alkohol/tobakk-politikk. Ved stortingsvala i 2017 og 2021 var han fyrstekandidaten til Framstegspartiet i Buskerud.
I stortingsperioden 2017–2021 var han medlem i familie- og kulturkomitéen, og dessutan medlem av Stortingets presidentskap som 2. visepresident. Frå januar 2020 – då Frp gjorde rokkeringar i stortingsgruppa som fylgje av at partiet gjekk ut or regjering – tok Wold plass i forsvars- og utanrikskomitéen.
Wold er sidan 2014 medlem av Europarådets parlamentarikarforsamling i Strasbourg, der han i fyrste fireårsperiode satt i komitéen for juridiske spørsmål og menneskerettar. Han var nestleiar (vice chairman) i komitéen frå januar 2016 til januar 2017. Mellom 2017 og 2021 var han medlem av overvakingskomitéen (Monitoring Committee). Han var tidlegare òg varamedlem til stortingsdelegasjonen til Nordisk råd.Biografi på Stortingets nettsted; besøkt 26. november 2013. Wold har vore fast medlem av landsstyret til Frp og er medlem av gruppestyre til partiet på Stortinget i kraft av sitt verv som fyrste visepresident. Frå 2025 til 2029 er Wold medlem av Arbeids- og sosialkomitéen.
Han byrja den politiske karrieren sin i Høgre, og representerte partiet i Modum kommunestyre frå 1987 til 1991.«Se – en Frp-journalist», i Journalisten 19. juni 2008; besøkt 26. november 2013. Han var òg i fleire år formann i Modum Unge Høgre, og forutan fylkesstyremedlem i Buskerud Unge Høyre. Han sto som ein av to ungdomskandidatar på Buskerud Høgres stortingsvalliste i 1985.
Wold var leiar av Modum Frp i peridoen mellom 2011 og 2014.«Wold på vei mot Stortinget», i Drammens Tidende 8. desember 2012; besøkt 26. november 2013.
Engasjement i sport Wold har òg vore generalsekretær for VM i skiflyging i Vikersund i 2000, då han hadde permisjon frå Drammens Tidende i halvtanna år for å leia meisterskapen. I ein periode over fleire år representerte han Vikersund i den internasjonale skiflygingsorganisasjonen KOP og på møtar og kongressar i det internasjonale skiforbundet FIS.
Wold er tildelt heidersteikn i Club 253, som er ein støtte- og supporterklubb for skiflygingsbakken, og har sitt namn etter den til einkvar tid gjeldande bakkerekord. Wold var leiar av denne klubben i ni år.
Wold var i mange år leiar av fotballavdelinga i Vikersund IF, og medlem av hovedstyre til foreninga. Han var òg i fleire år med i arbeidet i Buskerud Fotballkrets, mellom anna som domar og styremedlem. For dette er han tildelt kretsens diplom for fortenestefull innsats. Han har òg gjennomført Noregs Fotballforbunds toppleiarutdanning.
Skandale I eit innlegg på Facebook innrømte Wold at han hadde alkoholproblem og at han hadde vorte teken for fyllekøyring i påsken 2026. Han uttrykte vidare anger og at han ynskte å trekkja seg som fyrste visepresident på Stortinget. Han vart stansa med to i promille av politiet, og vart gjennom ei tilståingsdom dømt til 24 dagars fengsel og ein bot på 150 000 kroner, og dessutan tap av førarkort i to år og tre månadar.
Presidentskap på Stortinget 2025–2026: Fyrste visepresident 2021–2025: Tredje visepresident 2017–2021: Andre visepresident
Stortingskomitéar 2025–2029: Medlem av Arbeids- og sosialkomitéen 2024–2025: Medlem av Den utvida utanriks- og forsvarskomitéen 2021–2024: Medlem av Helse- og omsorgskomitéen 2020–2021: Medlem av Den utvida utanriks- og forsvarskomitéen 2017–2020: Medlem av Familie- og kulturkomitéen 2013–2017: Medlem av Helse- og omsorgskomitéen
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Morten Wold» frå , den 2. august 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Lokalpolitikarar i Modum Kategori:Høgrepolitikarar i Buskerud Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Drammen