Frank Josef Jenssen () er ein norsk tidlegare politikar for Høgre. Den 13. januar 2017 blei han utnemnd til fylkesmann i Trøndelag, som blei eit nytt fylkesmannembete 1. januar 2018 etter at Nord- og Sør-Trøndelag vart slått saman.
Jenssen var innvald på Stortinget frå Sør-Trøndelag frå 2013 til 2017. Her var han medlem i Kommunal- og forvaltingskomitéen.
Han begynte sin politiske karriere som formann i Trondheim Unge Høgre 1990–1992, medlem av Unge Høgres sentralstyre 1992–1996 og 2. nestleiar i Unge Høgre 1994–1996. Han var vidare valkampsekretær i Sør-Trøndelag Høgre, politisk sekretær for ordførar Marvin Wiseth, gruppesekretær for Oslo Høgres bystyregruppe og informasjonssjef i Høgres Hovudorganisasjon framfor stortingsvalet 2001. Jenssen var medlem av Trondheim bystyre i åra 1992–2003 og 2005–2008; kommunalråd og gruppeleiar 1998–2003 og 2005–2008 og fungerande varaordførar 2001–2002. Jenssen var elles leiar i Trondheim Høgre 1997–2001, leiar i Sør-Trøndelag Høgre 2001–2008 og statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet 2003–2005. I 2008 søkte han fritak frå sine politiske verv på grunn av manglande motivasjon. Fire år seinare blei han nominert som Høgres 2. kandidat til Stortinget frå Sør-Trøndelag ved stortingsvalet 2013.
Jenssen har studiekompetanse frå Adolf Øiens skole og mellomfag i statsvitskap og diverse samfunnsfag frå NTNU. Han var dagleg leiar og seniorrådgjevar i Røe kommunikasjon 2008–2010, og blei i 2010 kommunikasjonsdirektør i Arbeidstilsynet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Frank Jenssen» frå , den 30. oktober 2013.
Kategori:Fylkesmenn i Trøndelag Kategori:Statsforvaltarar Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Bondevik II Kategori:Statssekretærar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Lokalpolitikarar i Trondheim Kategori:Høgrepolitikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Folk frå Trondheim