mini|Grotteperler i kalkstein frå permtida aust i Pennsylvania. mini|Pisolittisk kalkstein frå Itaboraí i Rio de Janeiro. Diameteren på perlene er kring 1 cm. Grotteperler, erteperle eller pisolitt er kuler av kalsiumkarbonat som oppstår i grotter. Perlene vert danna rundt sandkorn eller andre lause kalkpartiklar på starder der vassdropar frå stor høgd treff golvet, slik at partikkelen ikkje ligg i ro medan minerala i vatnet vert pålagra partikkelen. Dette fører til at grupper av kuler ligg laust i kvar si halvkuleforma lomme. Storleiken på perlene varierer frå ca. 1 mm til 15 cm.
Kjelder Lauritzen, Stein Erik. (2009, 14. februar). Grotteperler. I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/grotteperler.
Bakgrunnsstoff Mindat - med bilete.
Kategori:Sedimentære bergartar