mini|Eirik Brandsdal i 2019
Eirik Brandsdal () er ein norsk langrennsløpar som har spesialisert seg innanfor sprint. Han blei fødd på Kjelsås i Oslo, der han også bur i dag. Erik har vore på det norske sprintlandslaget sidan 2010. I tillegg til landslaget går han for langrennsklubben Kjelsås IL, som han har vore ein del av sidan han var liten.
Verdscup og noregsmeisterskap Eirik Brandsdal gjekk sin fyrste verdscuprenn den 17. mars 2007. Den 5. desember 2009 fekk Brandsdal sin fyrste pallplass i sprintrennet i Düsseldorf. Hans fyrst verdscupsiger kom den 23. januar 2011 i eit sprintrenn i Otepää i Estland. Ei veke etter sigeren vart han norsk meister i sprint fristil. Rennet gjekk i Steinkjer den 28. januar 2011.
Han har totalt fire verdscupsigrar frå fire forskjellige stader; Otepää, Milano, Drammen og Stockholm. Dei tre sistnemnde sigrane kom alle i 2012. Han har også ein andreplass og to tredjeplassar i verdscuprenn. Samanlagt vart han nummer tre og beste nordmann i sprintcupen 2012. I 2013 tok han bronsemedaljen i NM på ski på 50 km.
Verdsmeisterskap Brandsdal deltok i Ski-VM 2011, 2013 og 2015. I den siste meisterskapen tok han seg til finalen i sprintøvinga, men fall og kom i mål som sjette og sistemann.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2007: Nr 18 i sprint i Meråker Ski-NM 2008: Nr 9 i sprint i Trondheim Ski-NM 2009: Nr 7 i sprint på Gjøvik Ski-NM 2010: Nr 5 på 50 km på Tolga Ski-NM 2011: Gullmedalje i sprint i Steinkjer Ski-NM 2012: Gullmedalje i sprint, bronse på 50 km Ski-NM 2013: Bronsemedalje i sprint på Vang Ski-NM 2014: Nr 15 på 50 km i Sør-Fron Ski-NM 2015: Gullmedalje på 50 km og 10 km i Harstad Ski-NM 2016: Nr 4 i sprint i Tromsø Ski-NM 2017: Sølvmedalje i sprint på Gran Ski-NM 2018: Sølvmedalje i sprint Ski-NM 2019: Nr 12 i sprint i Meråker Ski-NM 2020: Nr 5 i sprint i Drammen
Kjelder
Eirik Brandsdal , sprintgutta.no (henta 02.12.2013) Eirik Brandsdal, eirikbrandsdal.com (henta 02.12.2013)
Denne artikkelen bygger på «Eirik Brandsdal» frå , den 9. desember 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015 Kategori:Folk frå Oslo