mini|Bordesholmaltaret i Schleswig domkyrkje. Bordesholmaltaret er ei høgaltartavle i Schleswig domkyrkje i Schleswig i Tyskland. Tavla vart tinga av hertug Frederik, den seinare Fredrik I av Danmark-Noreg, til minne om den første kona hans, Anna av Brandenburg. Altaret skulle vere eit gravmæle for Anna, som døydde i 1514 og vart gravlagd i klosterkyrkja i Bordesholm ved Husum.
Altaret er 6,5 meter høgt og har ei breidde på 7 meter. Det kjem frå treskjeraren Hans Brüggemann sin verkstad og har ei latinsk innskrift der det står at ho vart ferdig i 1521.Hans Brüggemann på Kunstindeks Danmark/Weilbachs Kunstnerleksikon Det er laga i eik, har tre fløyar og inneheld relieff med 16 motiv frå Jesu liding og død.Bordesholmalteret, Slesvig Domkirke frå Grænseforeningen Til saman er det nærare 400 utskåre figurar kledd i samtidas klede.
I 1666 blei altaret flytta frå Bordesholm til Schleswig domyrkje av hertug Christian Albrecht.kulturverein.bordesholmer-land.de
Bordesholmaltaret er teke opp i Danmarks kulturkanon under kategorien biletkunst.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bordesholmalteret» frå , den 18. desember 2013, revisjon 12147300
Kategori:Kyrkjeleg interiør i Tyskland Kategori:Altar Kategori:Den danske kulturkanonen Kategori:Kunstverk frå 1500-talet Kategori:Schleswig-Holstein