Sha'ar HaAmakim (hebraisk skrift שַׁעַר הַעֲמָקִים, tyder Porten til dalen) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg nær Kiryat Tiv'on og høyrer til Zevulun regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 548.

mini|venstre|Sha'ar HaAmakim i 1950-åra

Landsbyen vart grunnlagd i 1935 av emigrantar frå Romania og Jugoslavia. Han vart kalla opp etter det nærliggande samløpet mellom Jezreel- og Zevulundalen.

Dei fleste kibbutzmedlemmane arbeider i Chromogen solvarmefabrikk, medan resten arbeider i jordbruket.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sha'ar HaAmakim» frå , den 11. april 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1935 Kategori:1935 i Palestina Kategori:Busetnader i Haifa distrikt Kategori:Rumensk diaspora i Israel Kategori:Jugoslavisk diaspora