mini|Punchframside frå 1841 Punch, or the London Charivari, eller berre Punch, var eit britisk illustrert vekeblad som inneheldt humor og satire. Det blei grunnlagd i 1841 og gjeve ut heilt til 1992. Det blei så gjeve ut att frå 1996, men avslutta heilt i 2002.

Historie Punch blei grunnlagt i 1841 av Henry Mayhew, Mark Lemon og litografen Ebenezer Landells. Bladet hadde det franske satiriske tidsskriftet Le Charivari som førebilde. Som tittelfigur og maskot hadde det den ville handdokka Mr. Punch. Økonomiske vanskar førte til at det blei selt til forleggjaren Bradbury and Evans i desember 1842.

Vekebladet hadde størst opplag i 1840-åra, men spelte ei betydeleg rolle i britisk kulturliv i fleire år. Etter ei årrekkje med dalande interesse blei det lagt ned i 1992.

I 1996 gjorde finansmannen Mohamad al-Fayed eit forsøk på å vekka bladet til live att, men omlegginga til eit moderne storbymagasin i stil med The New Yorker var mislukka, og det gjekk inn på nytt i 2002.

Bidragsytarar Fleire framståande teiknarar og forfattarar frå Storbritannia var knytte til Punch. Lista under viser eit utval av forfattarar og illustratørar som har bidrege med tekstar og teikningar.

John Betjeman A.P. Herbert A.A. Milne Anthony Powell W.C. Sellar R.J. Yeatman William Makepeace Thackeray Artemus Ward P.G. Wodehouse John Tenniel Gilbert Abbott A'Beckett Arthur William A'Beckett

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Punch (magazine)» frå , den 21. august 2018. oppgav desse kjeldene:  

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tidlegare britiske tidsskrift Kategori:Skipingar i 1841 Kategori:1841 i England Kategori:Nedlegginar i 1992 Kategori:Media i London Kategori:Britiske vekeblad Kategori:Tidlegare engelskspråklege tidsskrift