On the Level er det åttande studioalbumet til det engelske rockebandet Status Quo. Albumet vart framført av Francis Rossi, Richard Parfitt, Alan Lancaster og John Coghlan. På plateomslaget kan ein sjå bandet i eit Ames-rom.
I november 1974 kom den einaste singelen frå albumet, ei forkorta utgåve av «Down Down» av Francis Rossi og Bob Young. Singelen gjekk heilt til topps på den britiske singellista og var den einaste singelen deira som klarte til dette. B-sida til singelen var «Nightride».
Då albumet kom ut i februar 1975 var bandet meir eller mindre på toppen av karrieren når det kom til platesal. Albumet gjekk rett til topps på albumlista. Alle songane på albumet var skrivne av bandet eller i lag med Bob Young, utanom «Bye Bye Johnny», som var ein song av Chuck Berry.
Innhald
Salslister ListeÅrPlasseringUK Albums Chart19751
Medverkande Francis Rossi — gitar, vokal Rick Parfitt — gitar, klaverinstrument, vokal Alan Lancaster — bass, gitar, vokal John Coghlan — trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «On the Level» frå , den 4. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Capitol Records-album Kategori:Status Quo-album Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Album spelte inn i IBC Studios