Simple Minds er eit skotsk rockeband skipa i Glasgow 1977. Det har gjeve ut ei rekkje hitsinglar, og vart mest kjent internasjonalt i 1985 for hitten «Don't You (Forget About Me)» frå filmen The Breakfast Club. Andre hitsinglar er mellom andre «Alive and Kicking», «Sanctify Yourself» og «Belfast Child» (britisk nr. 1). Gruppa har fått fem album på toppen av den britiske albumlista og har selt meir enn 60 millionar album. Ho var den skotske gruppa med størst kommersiell suksess i 1980-åra.

Trass i fleire endringar i besetninga, har Simple Minds halde fram å spele inn musikk og turnere. I 2016 fekk gruppa Ivor Novello-prisen for songane sine av British Academy of Songwriters, Composers, and Authors. Kjernen i Simple Minds består av dei to attverande, originale medlemmane, Jim Kerr (vokal) og Charlie Burchill (gitar og stundom klaverinstrument etter 1990, saksofon og fiolin). Dei andre noverande medlemmane er Ged Grimes (bassgitar), Cherisse Osei (trommer), Sarah Brown (korvokal), Gordy Goudie (ekstra gitar & klaverinstrument). Av tidlegare medlemmar finn ein mellom andre Mick MacNeil (klaverinstrument), Derek Forbes (bass), Brian McGee & Mel Gaynor (trommer).

Historie Røter og tidlege år Røtene til Simple Minds kom frå det kortvarige punkbandet Johnny & The Self-Abusers, skipa i South Side i Glasgow tidleg i 1977.

Ideen til bandet kom frå scenemakaren Alan Cairnduff frå Glasgow, først som eit imaginært band, men han overlet organiseringa av bandet til venen John Milarky. Etter forslag frå Cairnduff, slo Milarky seg saman med to musikarar han ikkje hadde spelt med før - venen, songaren og tekstforfattaren Jim Kerr og gitaristen Charlie Burchill. Kerr og Burchill hadde kjend kvarandre sidan dei var åtte år gamle. Etter å ha blitt med i Johnny & The Self-Abusers, henta dei inn to andre skulevener, Brian McGee på trommer og Tony Donald på bass. Alle fire hadde tidlegare spelt i lag i skulebandet Biba-Rom!.

Med Milarky som songar, gitarist og saksofonist, vart besetninga fullført av venen hans Allan McNeill som tredje gitarist. Kerr og Burchill spelte òg begge høvesvis klaverinstrument og fiolin. Som mange av dei tidlege pønkebanda gjorde, tok dei forskjellige medlemmane scenenamn — Milarky vart «Johnnie Plague», Kerr vart «Pripton Weird», McNeill valde «Sid Syphilis» og Burchill valde «Charlie Argue».

Johnny & The Self-Abusers spelte den første konserten sin andre påskedag, 11. april 1977, på Doune Castle pub i Glasgow. Bandet varma opp for dei blømande punkstjernene Generation X i Edinburgh to veker seinare. Bandet spelte denne sommaren fleire konsertar i Glasgow, men delte seg snart i to fraksjonar, med Milarky og McNeill på den eine sida og Kerr, Donald, Burchill og McGee på den andre. Samstundes vart songane til Milarky skvisa ut til fordel for songane til Kerr og Burchill.

I november 1977 gav Johnny & The Self-Abusers ut den einaste singelen sin, «Saints and Sinners», på Chiswick Records (som vart avist som «ordinær» i ei melding i Melody Maker. Bandet vart oppløyst same dagen som singelen kom ut, der Milarky og McNeil i lag skipa The Cuban Heels. Dei kvitta seg med scenenamna og den openberre pønkarstilen og dei attverande medlemmane kom saman som Simple Minds (og kalla seg sjølv opp etter ei tekstlinje i David Bowie-songen «Jean Genie»).

Originale Simple Minds (1977–1981) Første konsertar og besetningsendringar I januar 1978 henta Simple Minds inn Duncan Barnwell som andregitarist. Dermed kunne ein bruke to gitarar samstundes, eller la Burchill spele fiolin. Samstundes slutta Kerr å spele klaverinstrument for å konsentrere seg om synginga. I mars 1978 fekk Kerr, Burchill, Donald, Barnwell og McGee med seg klaverspelaren Mick MacNeil frå Barra. Bandet fekk raskt eit rykte som eit spanande konsertband og spelte ofte med mykje sminke. Dei skaffa seg så ein manager-avtale med Bruce Findlay, som eigde platebutikkjeden Bruce's Records. Findlay eigde òg Zoom Records (ei avdeling under Arista Records), og brukte stillinga si til å få Simple Minds ein avtale hos Arista. Tidleg i 1980 vart Findlay fulltidsmanager for bandet via føretaket hans Schoolhouse Management.

Besetninga til bandet vart ikkje fast før slutten av 1978. Tony Donald slutta i april 1978 før dei første demolydbanda til Simple Minds vart spelte inn (han vart seinare gitarteknikaren til Burchill). Han vart erstatta av venen til Duncan Barnwell, Derek Forbes (tidlegare bassist i The Subs). I november 1978 vart Barnwell spurt om å slutte. Den attverande kvintetten med Kerr, Burchill, MacNeil, Forbes og McGee vert generelt rekna som den første seriøse besetninga til Simple Minds. Dei byrja å øve inn songar som Kerr og Burchill hadde skrive og som kom til å bli spelt inn for debutalbumet.

Life in a Day Det første Simple Minds-albumet, Life in a Day, vart produsert av John Leckie og gjeve ut av Arista i april 1979. Tittelsporet vart gjeve ut som den første singelen til Simple Minds og nådde 62. plassen på UK Singles Chart, medan albumet nådde 30. plassen på UK Albums Chart. Den neste singelen («Chelsea Girl») gjekk ikkje inn på lista. Medan dei førebudde idear for den neste plata, spelte dei som oppvarming for Magazine, før dei gjekk attende i studio med Lecike for å arbeide på nye songar.

Real to Real Cacophony Det andre albumet til Simple Minds, Real to Real Cacophony, skilde seg kraftig frå popsongane på Life in a Day. Albumet var mørkare og langt meir eksperimentelt, og annonserte litt av new wave-stilen som kom til å bli dominerande på dei neste to albuma. Mykje av albumet vart skriven i studio, sjølv om Simple Minds hadde spelt fleire tidlege versjonar av fleire songar på dei nylege konsertane deira.

Av dei nye retningane til bandet på Real to Real Cacophony var det mellom anna minimalistiske strukturar basert på rytmeseksjonen Forbes og McGee, i tillegg til at dei brukte uvanlege taktartar. Bandet eksperimenterte òg med element av dub, som på den ordlause og atmosfæriske «Veldt» der dei prøvde å skape inntrykket av eit afrikansk landskap ved hjelp av elektroniske lydar, den improviserte saksofonen til Burchill og ropa og synginga til Kerr. Singelen frå albumet var «Changeling».

Empires and Dance Det neste albumet var Empires and Dance, gjeve ut i september 1980. Mange av spora var minimale og det vart nytta mykje sequencing. Klaverinstrumentet til McNeil og bassen til Forbes vart dei viktigaste melodiske elementa i lydbiletet til bandet, medan den kraftig prosesserte gitaren til Burchill vart nytta meir som tekstur. Med dette albumet byrja Kerr å eksperimentere med ikkje-forteljande tekstar basert på observasjonar han gjorde då bandet reiste rundt om i Europa på turné.

Sjølv om det berre selde moderat, fekk Empires and Dance positive meldingar frå den britiske musikkpressaNew Musical Express 1980 Dream Giver Redux og fanga merksemda til andre artistar. Peter Gabriel valde Simple Minds som oppvarmingsband på fleire konsertar på den europeiske turneen hans i 1980.Empires and Danc Tour 1980 Dream Giver Redux]

I 1981 byta Simple Minds plateselskap frå Arista til Virgin. Året etter gav Arista ut samlealbumet Celebration, med songar frå dei tre førre albuma.

Sons and Fascination og Sister Feelings Call Den første utgjevinga til Simple Minds på Virgin var to album: det Steve Hillage-produserte Sons and Fascination og Sister Feelings Call. Det sistnemnde kom opphavleg ut som ei bonusplate med dei 10 000 første vinyleksemplara av Sons and Fascination, men vart sidan gjeven ut som eit sjølvstendig album. For CD-utgåva vart dei igjen plassert saman på ei enkel plate, der dei to første spora på Sons and Fascination var fjerna. Seinare utgåver på CD hadde med desse to songane òg.

Singelen «Love Song» vart ein internasjonal hit og nådde topp 20 i Canada og Australia, og den instrumentale «Theme for Great Cities» viste seg å vere så varig at dei spelte han inn på ny i 1991 som B-sida til singelen «See the Lights».

På denne tida utvikla bandet òg den visuelle estetikken sin, ved hjelp av det grafiske designbyrået til Malcolm Garrett, Assorted iMaGes. Han var først prega av ein hard, kraftig typografi og foto-collage. Designet til Garret for bandet vart seinare blanda med pop-religiøs ikonografi i reine, integrerte innpakkingar som passa det idealiserte imaget til bandet som ny-romantiske leverandørar av europeisk anthem-pop.

Trommeslagaren Brian McGee slutta i bandet mot slutten av innspelinga av Sons and Fascination fordi han var utsliten av den stadige turneringa til Simple Minds, og ønskte å bruke meir tid heime med familien. Han vart seinare med i gruppa Propaganda.

Gjennombrot (1982–1983): New Gold Dream (1981–1984) McGee fekk først erstatta trommeslagaren i Simple Minds med Kenny Hyslop (tidlegare i Skids, Slik og Zones), som kom inn i bandet i oktober 1971 i tide til å spele på den første delen av Sons and Fascination-turneen. Interessa hans i musikk frå New York (som funk, hip-hop og dance) hadde raskt ein effekt på den musikalske utviklinga til bandet. Han var med bandet lenge nok til å spele trommer på den neste singelen deira, den disco-venlege «Promised You a Miracle» (basert på eit funkriff frå ein av kassettane han spelte i turnébussen til bandet) som nådde topp 20 i Storbritannia og topp 10 i Australia. Hyslop «passa ikkje inn» i bandet eller med manageren (noko som vart vere av at han ikkje likte plateselskap) og i februar 1982 slutta han i bandet etter fem månader.

Hyslop vart erstatta av perkusjonisten Mike Ogletree frå Kilmarnock (tidlegare trommeslagar for Café Jacques). Ogletree kom inn i Simple Minds for øvingar i ein stor, ombygd låve i Perthshire, der han skreiv og spelte trommer for songane som vart til New Gold Dream (81–82–83–84). Ogletree spelte òg med bandet på TV og på den andre delen av 'Sons and Fascination Tour'.

Bandet flytta inn i Townhouse Studios for innspelingar i lag med produsenten Peter Walsh, som introduserte dei for trommeslagaren Mel Gaynor frå London, ein 22 år gammal studiomusikar med mykje erfaring (mellom anna for The Nolans og Samson med Bruce Dickinson). Han arbeidde tett med Ogletree for å få spelt inn rytmane i Pertshire og spelte trommer på det meste av plata. Ogletree spelte trommer på tre spor og perkusjon på resten av plata.

mini|Billett for ein konsert med bandet på Tiffany's i Glasgow den 20. desember 1982.

New Gold Dream (81–82–83–84) kom ut i september 1982 og bestod av innspelingane med Walsh og «Promised You a Miracle». Albumet vart eit kommersielt gjennombrot med hitsinglar som «Glittering Prize» (som nådde britiske topp 20 og australske topp 10). Somme av songane («Promised You a Miracle», «Colours Fly and Catherine Wheel») fortsette stilen dei hadde på Sons and Fascination, medan andre spor («Someone Somewhere in Summertime», «Glittering Prize») var rein pop. Jazz-klaverspelaren Herbie Hancock spelte ein synth-solo på sporet «Hunter and the Hunted».

Mike Ogletree spelte på den første delen av New Gold Dream-turneen, men slutta i bandet like etter i november 1982 for å bli med i Fiction Factory. Mel Gaynor vart henta inn (som fulltidsmedlem i bandet) for resten av turneen. Gaynor var det første ikkje-skotske medlemmet i Simple Minds og vart den lengstvarande trommeslagaren deira (og medlemmet utanom Burchill og Kerr) trass i at han slutta og kom attende tre gonger dei neste tiåra.

Stadionrock-åra: 1984–1991 Sparkle in the Rain Den neste plata deira, Sparkle in the Rain, vart produsert av Steve Lillywhite og kom ut i februar 1984. Det inneheldt hitsinglane «Waterfront» (som gjekk til topps i somme europeiske land), «Speed Your Love to Me» og «Up on the Catwalk». Sparkle in the Rain toppa albumlista i Storbritannia og nådde høgt på listene i fleire andre land (mellom anna 13. plassen i Canada).