«Karma» er ein albanskspråkleg popsong frå 2020 som vert framført av songaren Anxhela Peristeri. Songen er komponert av Kledi Bahiti, medan Olti Curri har skrive teksta. «Karma» vann den albanske songtevlinga Festivali i Këngës i desember 2020 og var det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Til deltakinga i Eurovision Song Contest vart «Karma» re-mastra, medan teksta vart verande på albansk.

Om songen I oktober 2020 vart Anxhela Peristeri kunngjord som ein av 26 deltakarar til å delta i den 59. utgåva av Festivali i Këngës, det albanske svaret på Melodi Grand Prix. Vinnaren av tevlinga fekk representera Albania i Eurovision Song Contest 2021. Ifølgje tevlingsreglementet måtte alle deltakarsongane ha albansk tekst, og Peristeri deltok med songen «Karma», skriven av den albanske tekstforfattaren Olti Curri, og komponert av den albanske songaren og låtskrivaren Kledi Bahiti. Ein re-mastra versjon av songen, tilpassa Eurovision Song Contest, vart utgjeven for strøyming og nedlasting 9. mars 2021.

Eurovision Song Contest

Festivali i Këngës Den albanske allmennkringkastaren Radio Televizioni Shqiptar (RTSH) arrangerte i desember 2020 den 59. utgåva av musikktevlinga Festivali i Këngës. Vinnaren av tevlinga fekk representere landet i Eurovision Song Contest 2021. I finalen 23. desember 2020 vart «Karma» kåra til vinnar, og vart dimed det albanske bidraget til Eurovision Song Contest.

Eurovision Song Contest Den 65. utgåva av Eurovision Song Contest fann stad i Rotterdam, og bestod av to semifinalar 18. og 20. mai 2021, og finalen laurdag 22. mai 2021. 17. november 2020 kunngjorde EBU at Albania skulle delta i den andre semfinalen torsdag 20. mai 2021. Der kom songen på tiande plass og kvalifiserte seg til finalen som siste land. I finalen var songen det andre bidraget ut på scena og vart til slutt nummer 21 av 26 med 57 poeng.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Karma (Anxhela Peristeri-sang)» frå , den 17. desember 2021.

Kategori:Albanske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Albanskspråklege Eurovision Song Contest-songar