«Roi» (norsk 'konge') er ein fransk popsong frå 2019 med den franske songaren Bilal Hassani. Songen er skriven av Hassani saman med duoen Madame Monsieur og Medeline. «Roi» vann den franske musikktevlinga Destination Eurovision 2019 på France 2 og var det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Songen vart utgjeven for digital nedlasting 11. januar 2019 gjennom merket Low Wood.

Om songen «Roi» vart skriven av Hassani og den franske duoen Madame Monsieur, som representerte Frankrike i Eurovision Song Contest 2018 med songen «Mercy».

Eurovision Song Contest mini|Bilal Hassani framfører «Roi» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019. 6. desember 2018 vart Bilal Hassani stadfesta som ein av 18 deltakarar i den franske musikktevlinga Destination Eurovision 2019 med songen «Roi». Han kvalifiserte seg til finalen frå den fyrste semifinalen 12. januar 2019, etter å ha kome på fyrsteplass hos juryane og i telefonavrøystinga. Hassani vann deretter finalen 26. januar etter å vorte nummer fem hos dei internasjonale jurygruppene. Han fekk likevel nok poeng i telefonavrøystinga til å vinne heile Destination Eurovision.

«Roi» vart dimed det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2019, der han deltok i finalen laurdag 18. mai i Tel Aviv. Songen enda til slutt som nummer 16 av 26 bidrag med 105 poeng.

Musikkvideo 15. februar vart den offisielle musikkvideoen til «Roi» sloppen på YouTube. Musikkvideoen finn stad på eit stort teater, der Hassani sit i garderoben sin bak scena. Filmen viser fyrst Hassani utan sminke og sin velkjende bobfrisyre-parykk. Han går deretter på scena og syng «Roi». Framføringa er tydeleg inspirert av Édith Piaf sine kjende chanson-framføringar.

Listeplasseringar Liste (2019)Høgaste plassering , Vallonia (Ultratip)4  (SNEP)23

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Roi» frå , den 23. desember 2021.

Kategori:Franske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-songar Kategori:Franskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar