Flangreslekta (Epipactis) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.

Artar og underartar På verdsbasis har slekta nokre titals artar. Artsdatabanken opererer med desse artane og underartane i Noreg:

raudflangre (E. atrorubens) breiflangre (E. helleborine) skogbreiflangre (E. helleborine ssp. helleborine) dyneflangre (E. helleborine ssp. neerlandica) myrflangre (E. palustris)

Av desse artane er dyneflangre og myrflangre på Norsk raudliste for artar (2021), båe som sterkt truga (EN).

Elles i Norden finn vi: grønflangre (E. leptochila), i Danmark (NT) snauflangre (E. phyllanthes), i Sverige (CR), i Danmark (LC) purpurflangre (E. purpurata), i Danmark (LC)

På Dei britiske øyane finn vi ein endemisk art med tre underartar, to av dei endemiske for England: E. dunensis, i England (ukjend status), i Wales (VU), i Irland (på venteliste) E. dunensis ssp. dunensis E. dunensis ssp. tynensis, i England (ukjend status) E. dunensis ssp. sancta (somme tider rekna som eigen art, E. sancta), i England (EN)

Tidlegare har òg somme tider E. youngiana vore rekna som ein eigen art, men han er no rekna for høgst å vere ein varietet av skogbreiflangre (E. helleborine ssp. helleborine var. youngiana).

I Nord-Europa finn vi òg: E. albensis, i Tyskland (CR) og i Polen (DD) E. bugacensis, i Tyskland (svært sjeldan) E. greuteri, i Polen (ikkje raudlistevurdert) E. microphylla, i Belgia (CR, berre i Vallonia), i Luxembourg (R, svært sjeldan), i Tyskland (VU) og i Polen (EN) E. muelleri, i Nederland (NT), i Belgia (CR i Flandern, EN i Vallonia), i Luxembourg (NT), i Tyskland (NT) og i Polen (DD)

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Slekter i orkidéfamilien