Slepkolibriar er ei biologisk slekt Lesbia av kolibriar med to medlemmer som har eit leveområde frå Colombia til Bolivia. Slekta er ein del av stammen Lesbiini, «koketter», innanfor underfamilien Lesbiinae.

Skildring Slepkolibriar er små kolibriar der hannfuglar har ekstremt lang og kløfta hale. Den største arten er svartslepkolibri, med hale på opptil 18 cm og kan få ei total kroppslengd på 24-26 cm. Hoa av same art har òg lang hale med total kroppslengd på opptil 14,5 cm. Grønslepkolibri har kortare lengd, høvesvis 16,5 og 11 cm. Nebba er relativt korte. Dei har dels overlappande utbreiing og lever i habitat av krattskog i austre og sentrale Andesfjella, 2000-3800 moh., svartslepkolibri høgast og inn i páramo til 4000 m i Colombia og Ecuador.

Artslista Slepkolibriar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.

Svartslepkolibri, Lesbia victoriae, Black-tailed trainbearer, (Bourcier & Mulsant, 1846), (LC)

Grønslepkolibri, Lesbia nuna, Green-tailed trainbearer, (Lesson, RP, 1832), (LC)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

kategori:kolibrifamilien kategori:fugleslekter