Assab er ein eritreisk hamneby på vestkysten av Raudehavet, rett nord for Bab el-Mandeb-sundet. Han har kring 20 000 innbyggjarar (2023). Assab er den nest viktigaste hamna i Eritrea, etter Massawa.

Dei viktigaste språka i Assab er afar, tigrinya og arabisk. Byen blei grunnlagd som hamn i 1882 av selskapet Rubattino. Då Italia tok kontroll over hamns i 1882 blei grunnlaget lagt for danninga av kolonien Italiensk Eritrea, som blei til det sjølvstendige landet Eritrea etter at det lausreiv seg frå Etiopia i 1990-åra.

Kjelder

Kategori:Byar i Eritrea Kategori:Hamnebyar ved Raudehavet