České Budějovice er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet České Budějovice okres i regionen Sør-Böhmen i Tsjekkia. České Budějovice har status som lovbestemt by (tsjekkisk statutární město).

Byen er den største i Sør-Böhmen med nesten 100 000 innbyggjarar. Byen er òg det politiske og kommersielle sentrumet i området, men er ikkje den same byen som Moravské Budějovice i Mähren.

Byen har gjeve namn til eit vidkjend ølmerke, Budweiser, som fabrikken Pivovar Budějovický Budvar har brygga sidan 1200-talet.

Jarnbanen til Linz i Austerrike er den eldste på det europeiske kontinentet, og vart konstruert i perioden 1824-1832.

Administrativ inndeling

Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). České Budějovice er ein slik by med utvida fullmakter.

Lovbestemt by České Budějovice har status som lovbestemt by frå 1990.

Storbyområde Som eit verktøy i økonomisk planlegging er det oppretta eit storbyområde for České Budějovice og områda rundt. 69 kommunar som inngår i storbyområdet er merkte med * i lista nedanfor. I tillegg kjem 12 kommunar frå andre administrative område.

Kommunar Det administrative området til České Budějovice omfattar 79 kommunar. Av desse er 5 byar (tsjekkisk město) og 2 marknadsbyar (tsjekkisk městys). Bykommunar er utheva med halvfeit skrift og marknadsbyar med kursiv skrift.

Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 České Budějovice SO 147 795 154 588 164 450

Kommunar Dei største kommunane i det administrative området: Kommune Folketal 2021 České Budějovice 95 664 Hluboká nad Vltavou 5 310 Lišov 4 513 Zliv 3 410 Srubec 2 926 Dobrá Voda u Českých Budějovic 2 800 Litvínovice 2 650 Rudolfov 2 489 Kamenný Újezd 2 462 Ledenice 2 404 Včelná 2 307 Boršov nad Vltavou 2 042 1 681 1 676 1 633 1 521 1 485 1 389 1 367 1 281

Byar og tettstader Dei største tettstadene i det administrative området: Tettstad Folketal 2021 České Budějovice 95 664 Hluboká nad Vltavou 4 359 Zliv 3 410 Lišov 3 320 Dobrá Voda u Českých Budějovic 2 800 Srubec 2 600 Včelná 2 307 Rudolfov 2 301 Kamenný Újezd 1 887 Ledenice 1 844 1 521 1 436 1 389 1 367 1 281 Litvínovice 1 207

Bydelar i České Budějovice mini|250px|Bydelane i České Budějovice Bydelane og tettstadene i České Budějovice: Bydel/tettstad Folketal 2021 České Budějovice 1 3 024 České Budějovice 2 36 041 České Budějovice 3 25 568 České Budějovice 4 1 999 České Budějovice 5 8 171 České Budějovice 6 8 839 České Budějovice 7 12 022 České Budějovice kommune 95 664

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Ceske Budejovice Ceske Budejovice Ceske Budejovice Ceske Budejovice