Litium er eit alkalimetall med kjemisk symbol Li og atomnummer 3. Det er det lettaste metallet.

Det er eit mjukt sølvkvitt metall, men i luft vert det angripe av oksygen, nitrogen og vatn i lufta og dannar oksidar hydroksid og nitridar. Det er det einaste metallet som reagerer med nitrogen ved standard trykk og i romtemperatur.

Litium er mindre vanleg enn dei etterfølgjande alkalimetalla natrium, kalium og rubidium, til tross for at det er eit lett grunnstoff. Ulikt alkalimetalla natrium og kalium finst det ikkje i store mengder i havet, men det finst i små mengder i mange mineral og saltsjøar i tørre område. Litium har derfor namn etter det greske ordet for stein, lithos.

Den mest kjende bruken av litium er i oppladbare batteri, særleg i elektronikk. Anna bruk er i kjemisk syntese og i medisin.

Historie

Litium vart oppdaga av Johan August Arfwedson i 1817.

Eigenskapar

Fysiske

Kjemiske

Bruk Bruksområda er mellom anna produksjon av [litium-ion-celler og] litium-ion-batteri.https://nrkbeta.no/2018/03/03/batteriet-alle-har-men-ingen-har-hort-om/

Førekomst

Framstilling

Sambindingar

Litiumhydrid (LiH) Litiumkarbonat (Li2CO3) Litiumklorid (LiCl) er hygroskopisk

Bruk av litium og litiumsambindingar

Litiumsalt, til dømes litiumkarbonat, kan brukast i behandling av pasientar med bipolar sjukdom.

Litium vert brukt i batteri.

Nokre sambindingar er viktige reagensar i organisk kjemi.

Bakgrunnsstoff

Webelements - litium Litium

Kategori:Alkalimetall Kategori:Grunnstoff Kategori:Reduksjonsmiddel