Bjorvatnet, òg kalla Bjorvann, er eit vatn i Drangedal kommune i Telemark. Lokalt vert helst namnet Bjårvann nytta.

I nordenden av vatnet ligg tettstaden Bø i Tørdal, og opphavleg har nok namnet vore Bjårvatn (Bjå = bø = gard/bustad). Namnet har derfor ikkje opphavet sitt i bjor (bever), som dei fleste andre Bjorvann i Noreg.

Vatnet er ein del av Kragerøvassdraget, og drenerer heile den vestlege delen av Drangedal, inkl. nokre vatn i Nissedal kommune. Hovudtilløpa er Gautefallelva frå vest og Suvdøla (regulert) frå nordvest.

Bjorvatnet renn via Tørneselva og Storelva ut i Hoseidvannet og vidare ut i øvre Tokke ved Prestestranda.

Kategori:Innsjøar i Drangedal Kategori:Kragerøvassdraget