Brusdalsvatnet er ein innsjø som ligg på Uksenøya i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Brusdalsvatnet ligg om lag midt på Uksenøya og er langt og smalt, knapt 10 km langt og om lag 1,3 km breitt på det breiaste.
Frå Brusdalsvatnet renn vatnet gjennom Lillevannet, ein mindre innsjø nedanfor, gjennom Spjelkavikelva, og ut i Åsefjorden.
Brusdalsvatnet er drikkevatnet til Ålesund kommune.
I 2009 vart det funne oppsiktsvekkande høge verdiar av miljøgifta bromerte flammehemmarar (HBCDD) i botnslam i vatnet. Etter det Ålesund kommune og NIVA opplyser, skal ikkje dette ha betydning for vasskvaliteten på drikkevatnet.
Restriksjonar Sidan Brusdalsvatnet er drikkevasskjelde gjeld ein del restriksjonar på og kring vatnet.
Det er forbod mot vegbygging i nedbørsfeltet. Mogeleg anleggsveg skal stengast med bom, og berre nyttast til drift av vassverket.
Det skal ikkje oppførast bygningar i nedbørsfeltet
Det er forbod mot å slå opp telt i nedbørsfeltet.
All båttrafikk på vatnet er forbode.
Det er berr lov å fiske med stong i Brusdalsvatnet, og berre for medlemmar av Skodje jeger- og fiskerforening.
Det er forbod mot gjødsling av vatnet for å auke fisket,
Sprøytemiddel kan ikkje brukast i nedbørsfeltet.
Kjelder Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Innsjøar i Ålesund