Heidi Sørensen () var ein norsk politikar frå Sosialistisk Venstreparti frå Levanger i Nord-Trøndelag. Mellom 2007 og 2012 var Sørensen statssekretær i Miljøverndepartementet, der ho etterfylgde Henriette Westhrin.
Ho vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 2001, og var vararepresentant frå 2005 til 2009, og møtte fast for Kristin Halvorsen inntil ho vart statssekretær i Miljøverndepartementet i oktober 2007. Etterfylgjaren hennar som møtande vararepresentant var Akhtar Chaudhry.
Heidi Sørensen var leiar av Natur og Ungdom frå 1993 til 1994 og Norges Naturvernforbund frå 1995 til 1998. Ho fekk Ole Vig-prisen i 1995.
Stortingskomitear 2001–2005 medlem av Samferdselskomiteen. 2001–2005 varamedlem av Den utvida utanrikskomiteen. 2005–2009 medlem av Energi- og miljøkomiteen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Statssekretærar frå SV Kategori:Folk frå Levanger