«Beauty and the Beast» er ein song av David Bowie, og opningssporet på albumet "Heroes" frå 1977. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i januar 1978 og vart ein liten hitt i Storbritannia der han nådde 39. plassen.

Musikk og tekst Songen opnar med ein usamanhengande kombinasjon av piano, gitar, elektronikk og stemmer som aukar i eit crescendo, og det har vorte sagt at det høyrest ut som «om Bowie er i ferd med å omskapast til Hulken».Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.91-93 I sjølve songen spelar Robert Fripp sologitar med handsamingar og synthesizer av Brian Eno. Fripp har sagt at gitarspelinga hans på songen vart gjort på direkten like etter han kom i studio første gongen.

Teksten er tolka som eit tilbakeblikk av Bowie på alvorlege stemningssvingningar han hadde under kokainmisbruket sitt då han budde i Los Angeles frå 1975 til 1976, med linja «Thank God Heaven left us standing on our feet», noko som indikerer at songaren er takksam for å ha kome seg gjennom perioden.Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.35 Uttrykket «someone fetch a priest» uttrykker ikkje eit ønske om religiøs hjelp, men til bannskapen til medprodusent Tony Visconti som han ofte uttrykte under innspelinga av "Heroes", «someone fuck a priest».

Utgjeving og etterverknad Som oppfølgjarsingel til «"Heroes"», vart «Beauty and the Beast» rekna som eit uvanleg val, og nådde berre så vidt Topp 40 i Storbritannia. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray skreiv at «den skurrande, truande snerten (og det var ein av dei mest truande singlane i eit truande år) gjorde at mange potensielle kjøparar, som hadde kjøpt den førre singelen, heldt seg unna.» Den amerikanske utgåva nådde ikkje lista der, trass i at han hadde den tidlegare nummer-ein-hitten «Fame» som B-side.

Bowie har berre spelt songen live på 1978-turneen, og eit konsertopptak finst på Stage.

I ei anna tolking skreiv James E. Perone: «'Beauty and the Beast' er ein av desse David Bowie-songane med tekst som kan få lyttaren til å klø seg i hovudet og lure på kva dei tyder. Bowie etablerer ei grunnleggjande kjensle av vondskap i lufta gjennom sine impresjonistiske og ikkje-lineære tekstar. Referansane til Bowie let lyttaren lese Beauty and the Beast-karakterane på to mulige måtar. Anten er dei to einingar, eller kanskje to sider av same eining. I begge tilfelle gjenstår det faktum at den mørke sida - som Bowie maler som uunngåelig - styrer situasjonen han konstruerer. Lyttaren må hugse på at Bowie har laga bilete basert på god-vond-dialektikken gjennom heile karrieren: han er ikkje unik for «Beauty and the Beast». Derimot er det interessant å vurdere korleis Berlin kanskje påverka Bowie på dette tidspunktet i karrieren. Visst passer dialektikken mellom Ast-Berlin/Vest-Berlin, kommunisme og demokrati, fint inn i korleis lyttaren kanskje forstår songen.»James E. Perone, The words and music of David Bowie, p. 66. Greenwood Publishing Group, 2007.

Utgjeving og etterverknad Som oppfølgjarsingel til «"Heroes"», vart «Beauty and the Beast» rekna som eit uvanleg val, og nådde berre så vidt Topp 40 i Storbritannia. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray skreiv at «den skurrande, truande snerten (og det var ein av dei mest truande singlane i eit truande år) gjorde at mange potensielle kjøparar, som hadde kjøpt den førre singelen, heldt seg unna.» Den amerikanske utgåva nådde ikkje lista der, trass i at han hadde den tidlegare nummer-ein-hitten «Fame» som B-side.

Bowie har berre spelt songen live på 1978-turneen, og eit konsertopptak finst på Stage.

Innhald

7"-singel «Beauty and the Beast» (David Bowie) – 3:32 «Sense of Doubt» (Bowie) – 3:57

12"-singel «Beauty and the Beast (Special Extended Version)» (Bowie) – 5:18 «Fame» (Bowie, John Lennon, Carlos Alomar) – 3:30 12« was only released in US (as a 12» Promo) and Spain.

Medverkande

Produsentar: Tony Visconti David Bowie

Musikarar: David Bowie: vokal, piano Robert Fripp: sologitar Carlos Alomar: rytmegitar George Murray: bassgitar Dennis Davis: trommer Brian Eno: synthesizer, gitarhandsamingar Antonia Maass: korvokal

Konsertversjonar

Konsertopptak frå Isolar II-turneen er komne ut på Stage (1978) og Welcome to the Blackout (2018).

Andre versjonar Songen vart spelt av det kristne heavy metal-bandet Deliverance på albumet Camelot-in-Smithereens (1995).

Andre utgjevingar Andre utgåver Han finst på samleplatene: Chameleon (Australia og New Zealand 1979) The Singles Collection (1993) The Best of David Bowie 1974/1979 (1998) The Collection (2005) The Platinum Collection (2005/2006) Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-settet. Den lengre versjonen av songen kom første gongen ut digitalt og på CD på Re:Call 3, som ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) (2017).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beauty and the Beast (David Bowie song)» frå , den 9. mai 2011. oppgav desse kjeldene: Beauty and the Beast at the Illustrated db Discography Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000,

Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar frå 1977