mini|Sporadane i Egearhavet
Sporadane (gresk Σποράδες, Sporádes) er ei nemning som er og har vore brukt om ulike øygrupper i Egearhavet langs austkysten av Hellas.
Frå gamalt av var nemninga Sporadane brukt om alle øyane i Egearhavet utanom Kykladane. Dei har gjennom tidene vore delt inn i mange, til dels overlappande undergrupper. Dei trakiske Sporadane har vore brukt om Gökçeada (Ímvros), Samothráki, Thásos, Límnos, Ájos Evstrátios Dei thessaliske Sporadane vart brukt om øygruppa som i dag blir kalla Dei nordlege Sporadane eller ofte berre Sporadane Dei vestlege Sporadane har vore bruk omt Ýdra, Spétses og andre øyar som i dag blir rekna til dei saroniske øyane Dei sørlege Sporadane har vore brukt som nemning for det som i dag er Dodekanesane, men stundom har òg andre øyar aust i Egearhavet vorte tekne med. Dei austlege Sporadane har vore brukt om alle øyane langs kysten av Vesleasia utanom Dodekanesane
Etter den administrative reforma i Hellas inngår frå 2011 dei tre øyane Skiáthos, Skópelos og Alónnisos i den nye periferieininga Sporadane.
Sporadane
Sporadane