Bo Gunnar Widerberg () var ein svensk skodespelar, filmregissør og forfattar. Han vart nominert til Oscar tre gonger.

Biografi Bo byrja karrieren sin som forfattar og har utgjeve meir enn sju bøker, der den første, Høsttermin, utkom i 1952. Den siste boka, Den gröna draken, vart filmatisert i 1966 av Widerberg sjølv.

På 60-talet byrja han å jobbe som filmkritikar og samstundes skreiv han ei rekkje artiklar som kritiserte svensk film. Han etterlyste blant anna ein meir progressiv forteljarstil i svensk film og i 1962 skreiv han debattboka Visionen i svensk film. Særleg kritisk var han til Ingmar Bergman sin status og posisjon i svensk film og meinte filmane og historiene hans var for oppkonstruerte og stive.

I 1963 debuterte han sjølv med langfilmen Barnvagnen med Thommy Berggren i hovudrolla og med musikk av Jan Johansson. Filmen vart hylla som ein av dei første svenske filmane til å portrettere stresset og pressa av å leve i eit moderne byliv. Same år utkom Kvarteret Korpen som vart særs godt teke imot av publikum og kritikarar.

Widerberg var kontroversiell og modig både som filmskapar og person og var òg eit av Stefan Jarl sitt store førebilete. Dei var begge samde i det faktumet at film skulle vere eit resultat av ein slags sosial rapport og engasjement. Widerberg påstod at han sjølv lærde å lage film ved sjølv å sjå film og nøye analysere kvar scene frå byrjing til slutt. Bo Widerberg døydde av magekreft i Båstad i 1997.

Sonen Johan Widerberg er òg skodespelar.

Filmografi 1962: Pojken och draken 1963: Barnvagnen 1963: Kvarteret Korpen 1965: Kärlek 65 1966: Heja Roland! 1967: Elvira Madigan 1968: Den vita sporten 1969: Ådalen 31 1971: Joe Hill 1974: Fimpen 1976: Mannen på taket 1979: Victoria 1984: Mannen från Mallorca 1986: Ormens väg på hälleberget 1995: Lust och fägring stor

Bibliografi 1952: Hösttermin (roman) 1952: Kyssas (noveller) 1954: På botten av himlen 1955: Kejsaren av Capri (noveller) 1957: Erotikon (roman) 1959: Den gröna draken (roman) 1962: Visionen i svensk film (essaysamling)

Nominasjonar og prisar 1996 – Sølvbjørnen i Berlin for Lust och fägring stor 1971 – Juryeprisen i Cannes for Joe Hill 1969 – Grand Prize of the jury for Ådalen 31

Bakgrunnsstoff http://www.imdb.com/name/nm0927090/awards http://www.malmo.com/swedish/celeb/profilview.asp?prevID=174 http://www.allmovie.com/cg/avg.dll?p=avg&sql=2:116703~T1

Kategori:Svenske forfattarar Kategori:Svenske skodespelarar Kategori:Svenske regissørar Kategori:Folk frå Malmö