Alf Daniel Moen () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet.

Moen har fagbrev som skogsarbeidar, og var lenge tilsett som dette i Meraker Brug. Han var også formann i Stjørdal faglige samorganisasjon i fleire år, og hadde ei rekkje tillitsverv i fagrørsla gjennom Norsk Skog- og Landarbeiderforbund og som medlem av representantskapet i Fellesforbundet. Frå 2011 var han attende ved Meraker Brug i halv stilling.

Moen var medlem av Stjørdal kommunestyre frå 1984 og fyrste gong ordførar frå 1. januar 1986. Moen vart vald på nytt som ordførar i 1987 og 1991, medan Einar Wollebæk Andersen frå Høgre tok over som ordførar frå 1994. Moen heldt fram som varaordførar fram til 1995, då han på nytt vart ordførar. Johan Arnt Elverum frå Senterpartiet tok over som ordførar i 1999, då Arbeidarpartiet tapte valet mot dei borgarlege partia. Moen var leiar i Nord-Trøndelag Arbeidarparti frå 1994 til 1995.

Som fylkesrådsleiar frå innføringa av parlamentarisk styreform i Nord-Trøndelag fylke i 2003, har Moen leidd eit fylkesråd som utgjorde Arbeiderpartiet og Senterpartiet fram til 2007, og eit som utgjorde Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti sidan dengong.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alf Daniel Moen» frå , den 1. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Alf Daniel Moen hos Nord-Trøndelag fylkeskommune

Kategori:Ordførarar i Stjørdal Kategori:Ap-ordførarar i Nord-Trøndelag Kategori:Folk frå Stjørdal