Gerd Faltings () er ein tysk matematikar.
Etter å ha avlagt doktorgraden ved Universitet i München i 1978, hadde han eit studieopphald ved Harvard University i USA til 1979, før han reiste attende til Tyskland. Han var først i München 1979 til 1982 og så ved Universitet i Wuppertal frå 1982 til 1984. Han arbeidde ved Princeton University i USA frå 1985 til 96, og frå 1996 ved Max-Planck-Institut für Mathematik i Bonn i Tyskland. Falting har særleg arbeidd med algebraisk geometri og er kjend for å ha løyst eit gammalt problem, «Mordells formodning». For dette vart han i 1986 tildelt den eksklusive Fieldsmedaljen.
Han vann Abelprisen 2026.
Kjelder
Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Fieldsmedaljen
Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Matematikarar på 2000-talet