Rosa Louise Parks (), fødd Rosa Louise McCauley, var ei afroamerikansk sydame som er gjeven ein stor del av æra for starten på masserørsla for afroamerikanarar sine rettar i USA på 1950- og 1960-talet.
Aksjonen 1. desember 1955, i Montgomery i Alabama, nekta Parks å gje frå seg setet i den «farga» delen av ein buss til ein kvit mann som kravde det, fordi den «kvite» delen var full. Motivet var at ho var lei av å verta behandla som ein annanrangs borgar. Ho vart arrestert, dømd og fengsla. Ho og fleire andre fekk nåde 18. april 2006 for brot mot raseskiljelovane.
Kvelden etter samla 50 leiarar i det farga miljøet seg, leia av den då ganske ukjende Martin Luther King jr., for å diskutera høvelege tiltak etter hendinga. Resultatet vart at heile det farga miljøet gjennomførte ein 381 dagar lang boikott av bussane i Montgomery, noko som førte til at eit stort tal bussar vart ståande parkerte i månadsvis; heilt til lovene som tillet segregering på offentlege kommunikasjonsmiddel vart oppheva. Denne hendinga var med på å setja i gang fleire protestar mot segregeringa.
I 1956 kom høgsteretten i USA fram til at segregering av svarte og kvite på bussar var grunnlovsstridig.
mini|venstre|Rosa Parks og dåverande president i USA, Bill Clinton i 1996 då ho tok mot Presidential Medal of Freedom.
Bakgrunn og æresvisingar
Parks hadde vore medlem av National Association for the Advancement of Colored People (NAACP) og aktiv i borgarrettsrørsla sidan tidleg på 1950-talet, og vart etter dette eit føredøme i rørsla. Ho vart kalla Borgarrettsrørsla si mor. Rosa Parks fekk fleire æresprisar for engasjementet sitt, mellom anna Kongressen sin gullmedalje i 1999 og Presidential Medal of Freedom i 1996, begge er rekna mellom dei høgaste sivile utmerkingane i USA. I 1994 var ho æresgjest ved fredsfestivalen One Day of Peace Festival i Stockholm, der ho vart beden om å peika ut ein prisvinnar til ein fredspris til minne om henne for året etter, 40 år etter bussboikotten.
I 2001 fekk ho oppkalla etter seg ein park og eit museum i Montgomery. Ho døydde 24. oktober 2005 på ein pleieheim i Michigan, og vart som den første kvinna og den andre farga personen i USA si historie lagt på paradeseng i Kongressen fram til gravferda.
Kjelder
Nettavisen om posthum benåding
Kategori:Borgarrettsforkjemparar Kategori:Afroamerikanarar Kategori:USA-amerikanske aktivistar