Sarah Margaret Ferguson (), kjend som Fergie, er ein britisk forfattar og den tidlegare kona til hertug Andrew av York.
Ho vart fødd som dotter av Ronald Ferguson og den fyrste kona hans, Susan Mary Wright. Ho har aristokratisk bakgrunn, og er gjennom farmora si slektning av hertuginne Alice av Gloucester, ei tante av dronning Elizabeth II av Storbritannia.
23. juli 1986 gifta ho seg med prins Andrew. Han fekk tittelen «hertug av York» og Sarah vart «hertuginna av York». Paret vart skilt i 1996, og Sarah mista tiltaleforma «den høgvørde» og vart degradert til «hertuginne Sarah av York».
Hertugparet av York fekk to born:
Prinsesse Beatrice av York (fødd 8. august 1988) Prinsesse Eugenie av York (fødd 23. mars 1990)
Etter skilsmissa var Sarah Ferguson mellom anna programleiar for sitt eige talkshow. Ho har òg skrive ein sjølvbiografi, My story, fleire barnebøker og livsstilsbøker.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sarah av York» frå , den 31. juli 2013.
Kategori:Kongelege frå London Kategori:Hertuginner av York Kategori:Barnebokforfattarar Kategori:Engelske forfattarar Kategori:Engelskspråklege forfattarar