Radøy skipreide var ei av elleve skipreider i Nordhordland,Arkivverket som stort sett femna om øya Radøy, unntatt den sørlegaste spissen.

Geografisk område etter gammal inndeling: Sæbø sokn Manger sokn (unntatt øyane Toska og Flona) del av Bø (Hordabø) sokn (området aust for Hjeltefjorden) del av Lygra sokn (gardane Sletta, Pletten, Instebø, Ystebø, Mellingen, Gjerde, Skjelvik og Vallersnes) del av Austrheim sokn (garden Straume) del av Alversund sokn (garden Fjellsenda)

Geografisk område etter noverande inndeling: Radøy kommune (unnateke øyane Toska, Flona, Bognøy og Rådmannsholmane) del av Lindås kommune (garden Fjellsenda)

På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1853 vart Radøy tinglag oppløyst, og storparten av området vart overført til det nye Manger tinglag, mens mindre område vart flytta til Lindås tinglag og det nye Hamre tinglag.Arkivverket

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kart over Hordaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)

Kategori:Radøy kommune Kategori:Lindås kommune Kategori:Skipreider