Lohengrin, WWV 75, er ein romantisk opera av Richard Wagner. Urframsyninga var 28. august 1850 i Weimar.Barton D. Fisher: Wagner's Lohengrin: Opera Journeys Mini Guide Series, Opera Journeys Mini Guide Series] Operaen byggjer på tysk høvisk litteratur frå mellomalderen, særleg Parzival av Wolfram von Eschenbach og oppfølgjaren Lohengrin av ein annan forfattar. Hovudpersonane i operaen er riddaren Lohengrin (tenor) og Elsa von Brabant (sopran).
Operaen har òg inspirert andre kunstverk. Kong Ludwig II av Bayern kalla slottet sitt Neuschwanstein etter svaneridderen. Det var kong Ludwigs trygd som seinare gav Wagner midla og moglegheita til å fullføra den episke syklusen hans Der Ring des Nibelungen (Nibelungenringen), og dessutan å bygga eit teater eigna til å framføra syklusen. Handlinga føregår i hertugdømmet Brabant i dagens Belgia og Nederland, i første halvdel av 900-talet.
Forspelet til akt 1 blir ofte framført separat som eit konsertstykke (gjerne saman med det kortare forspelet til akt 3). Dette musikkstykket representerer det overnaturlege aspektet ved den heilage gralen, og har vorte utpeika som ein av Wagners mest inspirerte komposisjonar.
Verket blei godt motteke blant tilskodarane, og fleire stykke er blitt velkjende, slik som forspelet til første og tredje akt («In fernem Land») og bryllaupsmarsjen, som ofte blir spelt i bryllaup.
Den første norske framføringa fann stad den 2. desember 1885 ved Tivoli Opera i Oslo. Den 7. desember 1911 vart Lohengrin framført på Nasjonalteateret i Oslo, og ein sjokolade kalla «Lohengrin» vart lansert.
Ei typisk framsyning varer i ca. 3 ½ timar.
Roller Roller, stemmeleie, rollebesetning ved premieren RolleStemmeleieRollebesetning, 28. august 1850 Dirigent: Franz LisztLohengrintenorKarl BeckElsa von BrabantsopranRosa von MildeOrtrud, Telramunds konedramatisk sopranJosephine FastlingerFriedrich von Telramund, ein greve av BrabantbarytonHans von MildeHeinrich der Vogler (Henrik I fuglefangaren)bassAugust HöferKongens heroldbarytonAugust PätschFie adelsmenn av Brabanttenorar, bassarFire pasjarsopranar, altarHertug Gottfried, Elsas brorstum rolleHellstedtSaksere, thüringere, og brabantiske grever og adelege, æresfruer, pasjar, vasallar, livegne
Kjente ariar og utdrag
Akt 1 Forspelet "Einsam in trüben Tagen" (Elsas forteljing) Scene 3, "Wenn ich im Kampfe für dich siege" Akt 2 "Durch dich musst' ich verlieren" (Telramund) "Euch lüften, die mein Klagen" (Elsa) Scene 4, "Elsas prosesjon til katedralen" Akt 3 Forspelet Brudekoret, "Treulich geführt" "Das süsse Lied verhallt" (Kjærleiksduett) "Höchstes Vertrau'n" (Lohengrins fråsegn til Elsa) Kong Heinrichs tilkomme "In fernem Land" (Lohengrins forteljing) "Mein lieber Schwan... O Elsa! Nur ein Jahr an deiner Seite" (Lohengrins farvel)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lohengrin (opera)» frå , den 2. mai 2022.
Bakgrunnsstoff
Partitur hos International Music Score Library Project
Kategori:Operaer frå 1800-talet Kategori:Tyskspråklege operaer Kategori:Operaer av Richard Wagner Kategori:Skipingar i 1850